NyhendeOm ossAktiviteter/kursHusflidsbutikkenKontakt ossLenkjer


 
Nyhende

15.02.10:

8.februar hadde laget årsmøte. 13 medlemer + revisor møtte. Årsmeldinga vart lesen opp, og rekneskapet for laget og butikken vart godkjent. Det vart gjennomført valg til styret og dei ulike nemndene. Oversikt over kven som sit i dei ulike verva ligg under "Om oss".


14.01.10:

Då vil me ynskja alle eit godt nytt år, og melda om at laget sine kurs og aktivitetar for våren er lagt ut på sida. Dato og tidspunkt for barnemøta er foreløbig ikkje sett, men vert kunngjort når dei er klare.


11.08.09:

Til informasjon er det no lagt ut datoar og tidspunkt for laget sine aktivitetar og kurs i haust. Me kjem tilbake til datoar og tidspunkt der dette ikkje er satt.


14.05.09:

Det nærmar seg Husflidsmesse, og det er venta om lag 40 utstillarar til Tysneshallen. Det vert ei messe med stor variasjon, og ein kan mellom anna sjå utstillingar av arbeid innan tekstil, søm, strikking, tre og stein. I tillegg vert arbeid frå barnemøta vist fram.

Messa har i år åkle som hovudtema, og det vert stilt ut om lag 30 tysnesåkle. Sundag 31. mai, kl. 14.00 kjem Kristi Skintveit til å halda føredrag med tittelen "Tradisjonar og trendar i åkle".

Husflidsmessa vil halda ope laurdag 30.mai frå kl. 10.00 til 16.30, og sundag 31. mai frå kl. 12.00 til kl. 16.30. I denne tida vil ein kunne vitje dei ulike standene, kjøpe seg ein godbit frå kafèen, spele tombola og vere med på loddtrekning. Ein vil og kunne sjå demonstrasjonar av knipebinding v/Samson Øvstebø, veving av fillerye v/Birgitta Kuik og måling av bilete v/Olav Høgestøl.

Vel møtt!


07.04.09:

Tysnes Husflidslag har i vinter samla informasjon om gamle åkle på, og frå, Tysnes. I samband med dette, har laget vore i kontakt med personar som eig åkle. Ein kveld i mars var ca. 20 eigarar samla til eit møte, der ein såg nærare på åklea. Med på møtet var Kristi Skintveit, som skal skriva bok om åkle i Hordaland. Ho informerte om åkle generelt, noterte særtrekk frå Tysnesåkla, og tok bilete av dei. Noko av informasjonen kan verta å sjå i boka hennar.

Skintveit oppfordra til ei nærare registrering av Tysnesåkla, slik at informasjonen vert teken vare på for ettertida.Dersom nokon har åkle som kan vere med i ei slik registrering - ta gjerne kontakt med laget! Takk til dei som allereie har bidrege! 

Ein kan sjå bilete frå møtet, under "aktiviteter/kurs".


13.02.09:

12. februar arrangerte laget årsmøte. Kandidatar til styret og dei ulike nemndene for 2009 vart sett, og førre år summert opp.

I løpet av 2008 hadde laget 1 årsmøte, 12 styremøter, 9 lagsmøter, 9 barnemøter, 7 strikkekafèer og 4 kurs. Særskilt rundt barnemøta har det vore stor interesse, og mange ivrige barn har delteke. Også Oleana sin oppvisning på strikkekafèen var vellukka. Kursa som vart arrangert var; kurs i lefsebaking (to gongar), "bli kjend med symaskinen", og kurs i sying av barne-og dokkeklede. Nytt av året var, at laget fekk si eiga heimeside og e-post adresse. 

Tysnes Husflidslag ynskjer alle som har lyst til delta på laget sine aktivitetar og kurs hjarteleg velkomne. Samstundes oppmodar laget alle som har spørsmål om å ta kontakt.


11.01.09:

Nytt år og nye moglegheiter. Laget sine aktivitetar og kurs for våren er no lagt inn på heimesida. Ei oversikt over desse kan ein også sjå i Hordaland Husflidslag sin kurs - og kjeldekatalog for våren 2009 .


30.11.08:

Det har i haust vore arrangert kurs i sying av barne- og dokkeklede. Seks entusiastiske deltakarar var i aksjon, og ivrig freista dei å rekkja så mykje som mogleg på den tilmålte tida. No er dei klare for å halda fram på eiga hand. Bilete frå kurset ligg under "aktiviteter/kurs".


30.11.08:

28. oktober stilte firmaet Oleana til moteoppvisning på strikkekafèen. Oppvisninga vart halde i Tysneshallen, og det var stor stemning blant dei frammøtte. Representant Signe Aarhus synte klede frå kolleksjonen og fortalde om arbeidet. Slik fekk deltakarane vera med på "reiser" rundt i verda, på jakt etter inspirasjon og mønsteridear. Aarhus fortalde levande om starten til firmaet på 90 - talet, og om korleis utviklinga hadde vore. Sjå under "aktiviteter/kurs" for å sjå bilete frå moteoppvisninga.


16.11.08:

Det nærmar seg desember, og tida er inne for juleutstillingar. Tysnes Husflidslag har i dette høvet oppdatert monteren som står i Tysneshallen. Her er flotte produkt laga av laget sine medlemer. Det er lagt ut bilete av monteren på heimesida - sjå under "husflidsbutikken".


24.10.08:

Endeleg har Tysnes Husflidslag fått si eiga heimeside! Denne er for tida under konstruksjon, og tekst/bileter vil koma til etterkvart. Til informasjon har laget også fått seg ei e-post adresse.









NyhendeOm ossAktiviteter/kursHusflidsbutikkenKontakt ossLenkjer