Norges Husflidslag er ein gamal og tradisjonsrik organisasjon i Noreg. Den vart stifta i 1910, og er ein kultur - og interesseorganisasjon. Organisasjonen sitt motto er: "Vi former framtida!". Mottoet viser til synet om at nyskaping veks best, dersom ein har kunnskap og medvit om historie og tradisjonar.
Tysnes Husflidslag er eit lokallag under moderorganisasjonen Norges Husflidslag. Lokallaget vart stifta i 1977, og arbeider for å halde vedlike gamle handarbeidsteknikkar og handtverk, samstundes som det er opptatt av å fremje nye typar arbeid. Laget har i 2008 ca. 60 medlemmer.
Tysnes Husflidslag held til i eigne lokale i Våge, i bakken ovanfor Tysnes Sparebank (Teiglandsvegen). Den eine delen av lokalet vert nytta til husflidsbutikk, der medlemmer og andre kan leggja ut eigne produkt for sal. Den andre delen vert nytta til lagsaktivitet, møter, kurs og aktivitetskveldar. Denne vert kalla husflidsstova.
|